Aasmund Nordstoga

Management & Booking

Booking: Eline Holsbrekken Skar
eline@skyskraperartist.no +47 902 57 609

Management: Gunnar Reed
gunnar@skyskraperartist.no + 47 906 24 850

Aasmund Nordstoga er visesongar og gardbrukar. Han blir også mykje brukt som programleiar/konferansier. Han har blitt nominert til Spelemannspris to gonger, den fyrste for debutplata Ein visefugg, og den andre for albumet 12 dagar i jola.

I 2023 var Aasmund med på to plateutgjevingar. Tom Duley og andre viser er ei reinspikka duoplate i lag med Åsmund Reistad. Visene er frå Hartvig Kirans songbok med same namn.

Den andre utgjevinga Aasmund fekk vera med på i 2023, var Kjenslevev med tekster av Knut Buen og musikk av Knut Buen og Sigmund Groven. Her var Aasmund solist i lag med Anne Gravir Klykken. Forutan komponistar og tekstforfattar, medverka Kjetil Bjerkestrand på denne plata.

Aasmund hentar repertoaret sitt på heimebane. Gamle viser blir friska opp att med nye arrangement eller ny melodi, med god hjelp av nære musikkvener. Visene har gjerne ein god historie, eller ei god dose livsvisdom. Den siste soloplata, Guten, inneheld i sin heilskap tekster av diktaren Aasmund Olavsson Vinje, der ein kan seie at Aasmund, med svært god hjelp av bror Odd, har blåsi nytt liv i nokon av Vinjes beste dikt.

Når Aasmund har konsert, tek han helst med seg ein musikar eller tre. Gitarist Åsmund Reistad er som regel fast fylgje, og i ei utvida besetning finn ein gjerne trøorgel, fele og kontrabass. Som regel vil publikum få servert både alvor og skjemt. Uhøgtidleg og laus snipp, men med ei seriøs tilnærming til stoffet, kan kanskje vera ein god karakteristikk av ein konsert med Aasmund.

I 2015 gav Aasmund ut ei joleplate i lag med Gunnhild Sundli. Sæle jolekveld er ei plate der jolesongane har fått folkemusikalsk dåm. Plata fekk svært god mottaking.

Aasmund fekk Vinje kommunes kulturpris 2021 for arbeidet sitt som kulturformidlar. I desember 2022 og 2023 var Aasmund med på Frode Alnæs sin joleturné Lang desember natt.

Våren 2024 kjem ei ny plate med eit anna samarbeidsprosjekt. Her er Aasmund med i gruppa Reitir; som kjem ut med skotsk folkemusikk til Robert Burns tekster omsett til Vest-Telemarksdialekt. Peter Fjågesund står for tekstarbeidet, medan Ingebjørg Lognvik Reinholt (vokal), Sarah-Jane Summers (feler), Juhani Silvola (gitarar) og Morten Kvam (bass) står for det musikalske i lag med Aasmund.

I 2024 planlegg Aasmund Nordstoga å halde fram med å turnere og opptre live saman med Abildsø Spelemanslag, der han vil dele sitt talent og lidenskap med publikum over heile landet. Hans intime og rørande opptredener har tidlegare rørt og inspirert tusenvis av lyttarar, og han forblir ein ettertrakta liveartist på festivalar, konsertlokalar og kulturarrangement.

Med si dedikasjon til å bevare og vidareføre den norske folkemusikktradisjonen, saman med si vilje til å utforske nye musikalske territorium, vil Aasmund Nordstoga halde fram med å være ein sentral figur i norsk musikkliv og ei inspirasjon for komande generasjonar av musikarar.

Aasmund Nordstoga live:

Previous
Previous

A1

Next
Next

Anita Skorgan